Med oss fra Israel, vandra da ein liten følgesvenn. Han blei boren i ein koffert, tung var han og vog nok heile 13 kg. Det er mange kontroller i løpet av eit svangerskap, det var det og på Ben Gurion flyplass. Heile sju ganger var me innom ultralyd eller passkontroll(les svangerskapsskjema).
Mannen smilte så fint til meg på 2.(av 3) koffertsjekk og lurte på om da va ein fruktpressar eg bar på. Ja, smilte eg tilbake og fortalte at det er minstegutten min som ønska seg ein "lekekamerat". Me har ikkje fått den men kjøpt den i Haifa, var alt eg sa til han.
Ein venn av oss i Haifa visste om eit flott supermarked der dei hadde slike underverk, til berre 199 NIS.
Å få lagt kofferten på den siste reisa på transportbandet gjekk og fint, sjølv om han vog 28 kg tilsammen.
Tenk ikkje eit einaste spørsmål om overvekt. I ein slik situasjon(to kvinner og fire barn på tur) er det uhøflig å spør kvinner om vekt;) Han såg nok og på dei fem andre koffertane som var små, dog sprengfulle av mykje anna. Deriblant tre svære granatepler.
No har han endelig kommen ut i friluft og Even er veldig glad kvar gong han får pressa juice. Mest spesielt var nok dei svære granateplene me kjøpte med oss heim. Viktig for ein pressar å ha nokon kjente rundt seg i ein ny kultur og nye omgjevnader.
No skal eg kosa meg med juice som sonen har laga til meg.
Årets første lapper er laga på bålpanna. Men, kvar er ungane. Er dei for store til å sitja å sjå med undring og begeistring over kva mor finn på no igjen.
Ja, føler det litt sånn, de veks over hovudet.
Alt har sin tid og eg er takknemlig for dei åra eg var heime, då dei var små.
"Se, barn er en gave fra Herren, livsfrukt er en lønn.
Som piler i en veldig krigers hånd er sønner en får i sin ungdom.
Lykkelig er den mann/kvinne som har sitt kogger fullt av dem!
De blir ikke til skamme når de taler med fiender i porten"
Salme 127.3-5
"Dine barn er som oljekvister rundt om ditt bord"
Salme 128.3b